Etter åttedelsfinalane i VM er det berre Heurelho Gomes som er med vidare i VM av Spursspelarane. Både England og Mexico måtte ta den tunge vegen heim frå Sør-Afrika.
England kom tidleg under 2-0 for Tyskland og såg ut til å vere ferdige allereie i første omgang av sin åttedelsfinale mot Tyskland. Men så scora Matthew Upson eit reduseringsmål, og alle, unnateke dommarane, såg at Frank Lampard utlikna like før pause. Dermed vart målet underkjent. I andre omgang måtte England dermed angripe alt remmar og ty kunne halde, og det førte til at Tyskland kunne kontre inn to mål til og gå sigrande ut med 4-1 til slutt. Det var berre Jermain Defoe av våre spelarar som var i aksjon i denne kampen inntil han uforståeleg nok vart bytta ut til fordel for Emile Heskey.
Mexico med Giovani dos Santos vart eit nummer for små mot Argentina og tapte 3-0. Dei yppa seg rett nok i starten av kampen, men etter at Carlos Tevez fekk lov til å stå to meter i offside og stange inn 1-0-målet, rakna det litt for gjengen frå sombrerolandet og tapet var til slutt fortent. Men både England og Mexico vart altså dømt vekk i avgjerande situasjonar.
Heurelho Gomes fortset som andreval i buret til Brasil bak Julio Cesar. Han kunne sjå at Brasil hadde få problem med å slå ut Chile med 3-0. Dermed er Gomes Spurs sin einaste representant i resten av VM.
THNO:
Bjørnar Holmem