Gruppespelet i VM er avslutta og tre av Spursspelarane i Sør-Afrika er ferdige med VM-spel. Kamerun og Honduras er ikkje med lenger. England og våre fem representantar der karra seg vidare til åttedelsfinale, det same gjorde Mexico og Brasil.
Både Wilson Palacios sitt Honduras og Kamerun med Benoit Assou-Ekotto og Sebastien Bassong i troppen var allereie ute før den tredje og siste kampen i gruppespelet etter tap i dei to første kampane. Kamerun tapte også sin siste kamp mot Nederland med 2-1, medan Honduras klarte 0-0 mot Sveits, og hindra dermed karane frå gjøkurlandet i å avansere til neste runde.
England måtte vinne sin siste gruppespelskamp mot Slovenia og klarte å gjere akkurat det som skulle til. Ekstra hyggeleg var det at det var vår eigen Jermain Defoe som satte inn det einaste målet i kampen. Dermed vart England nummer to i si gruppe og møter Tyskland i sin åttedelsfinale.
Heurelho Gomes har framleis ikkje fått spele for Brasil i VM, men dei kom seg gjennom det pliktløpet som kampen mot Portugal var. Ved uavgjort var i praksis begge laga vidare og dermed skjedde det heller ikkje stort i kampen.
Mexico tapte sin siste kamp i gruppespelet 1-0 for Uruguay, som betyr at dei vart nummer to i gruppa og møter Argentina i åttedelsfinalen. Tøff motstand for Giovani dos Santos & co., altså.
THNO:
Bjørnar Holmem