Andre runde i gruppespelet i fotball-VM er over og vi tek ei oppsummering av Tottenhamspelarane sin innsats den siste veka. Felles for dei fleste av Spurs sine representantar i Sør-Afrika er at deira respektive lag er i trøbbel før det blir avgjort kven som går til åttedelsfinalar.
Giovani dos Santos spelte heile kampen då Mexico slo eit svært tafatt Frankrike 2-0. Han kom dog ikkje på scoringslista sjølv. Mexico spelte også i dag og er vidare til 8-delsfinalen med tap 1-0 mot Uruguay. Dette hadde ingenting å seie for utfallet av gruppa, sidan Sør-Afrika berre klarte å slå Frankrike med eitt fattig mål.
England gjorde, som dei fleste vel har fått med seg, ein slett innsats mot Algerie med 0-0. Av Spursspelarane var det berre Aaron Lennon som starta, men han vart bytta ut til fordel for Shaun Wright-Phillips etter vel ein time utan å ha fått til noko særleg, i likheit med resten av laget. Defoe og Crouch kom inn etter kvart, men heller ikkje dei klarte å løfte eit tungt og slapt England. To uavgjorte kampar gjer at England må slå Slovenia i siste kamp onsdag for å gå vidare. Viss det skal skje må spel og innsats opp mange hakk frå Algerie-kampen.
Kamerun, med Benoit Assou-Ekotto og Sebastien Bassong i backfiraren, er allereie ute av VM etter å ha gått på sitt andre tap i turneringa mot Danmark. Kamerun sløste med sjansane og burde kanskje fått meir ut av dette oppgjeret, men som ein klisje i fotballen seier; det er måla som tel.
Heurelho Gomes spreidde igjen godt humør på Brasil-benken medan lagkameratane på banen slo Elfenbenskysten 3-1. Kampen var prega av lite godt spel, flott Brasilfotball og disiplinærproblem i omtrent like store delar. Brasil har no seks poeng og er klare for vidare spel i VM.
Wilson Palacios spelte heile kampen for Honduras som måtte sjå seg slått av Spania med 2-0. Sigeren burde vore større, men ein Fernando Torres ute av kampform sløste med sjansane og ein straffemiss av ein hattrickjagande David Villa gjorde at resultatet ikkje vart verre for Wilson. Dei siste minutta hadde han også selskap av sin bror Jerry på banen, og vart dermed med i den eksklusive klubben av brør som har spelt saman i VM.
THNO:
Bjørnar Holmem