Premier League. 38. runde. Turf Moor. 9. mai 2010
Burnley - Tottenham 4-2 (1-2)
Mål: B: Elliott (42), Cork (54), Paterson (71), Thompson (88). T: Bale (7), Modric (32).
Gule kort: Ingen.
Tilskuertall: 21161
Dommer: Mike Dean.
Lagene:
Burnley: Jensen, Alexander, Caldwell, Mears, Bikey, Fox, Cork, Elliott, Fletcher (Thompson 86), Paterson (Eagles 90), Nugent (Blake 79).
Ubenytta reserver: Weaver, Duff, Jordan, McDonald
Tottenham: Gomes, Assou-Ekotto, King, Dawson, Kaboul, Bale, Modric, Huddlestone (Palacios 64), Lennon, Defoe (Pavljutsjenko 63), Crouch (Gudjohnsen 85).
Ubenytta reserver: J. Walker, Bassong, Jenas, Bentley.
Det var få som trudde at Tottenham skulle gå på eit tap då dei leia 2-0 fem minutt før pause i denne kampen. Men så kom det eit gufs frå fortida.
Kampen starta bra, sett frå ein Spurssynsvinkel. Sju minutt var gått då Aaron Lennon fekk ballen, gjekk til dødlinja og slo inn i feltet. Ballen gjekk bak ein Defoe i fullt firsprang, men på bakre stolpe sto Gareth Bale. Han fekk god tid til å sikte og banke ballen opp i nettaket. 0-1.
Bale var også involvert i Tottenham sitt andre mål. Han fekk ballen på venstresida, la ei kort pasning til Modric, som glei gjennom Burnleyforsvaret som ein varm kniv i smør. Med venstrefoten banka han ballen opp i nærmaste kryss og leiinga var dobla.
Tottenham såg no ut til å ha full kontroll på kampen, men det skulle vise seg å vere noko av ein illusjon. Etter 42 minutt kom Burnley på ein sjeldan visitt i Tottenhamforsvaret. Eit fint veggspel fann Wade Elliott som lurte ei offsidefelle som ikkje var spesielt bra satt opp, sidan Assou-Ekotto tok seg ein lur litt bak dei andre. Elliott gjorde ingen feil og reduserte, trass i at Alnwick var nær ved å stoppe ballen før han gjekk i mål.
I pausen må Tottenhamspelarane ha fått beskjed om at Arsenal leia 3-0 til pause og at det neppe hadde noko å seie kva resultatet av denne kampen vart til slutt. For i andreomgangen spelte Spurs som om dei allereie var på ferie.
Etter 54 minutt fekk Jack Cork enkelt gå opp og heade inn utlikninga. Martin Paterson sendte Burnley i leiinga 17 minutt seinare og Thompson satte prikken over i\'en ved å styre inn eit langskot på hockeyvis.
Undervegs i andreomgangen hadde Spurs nokre halvsjansar og eit par forsøk i stolpane, men alt i alt var det fortent at Burnley gjekk sigrande ut av dette oppgjeret. For Spurs sin del får ein skrive dette på kontoen for utlading etter den viktige midtvekekampen mot Manchester City, for Burnley var det ein fin måte å takke sine supporterar for innsatsen denne sesongen på. Neste sesong er uansett Burnley i the Championship og Tottenham forhåpentleg i Champions League.
THNO:
Bjørnar Holmem